Fjellsætra Freeride resultater og en liten oppsummering av Per Magne Drotninghaug

Da var sesongen endelig i gang for Seniorene i Norgescupen (grunnet avlyst Songdal i Februar) Det ble kjørt konkurranse tross noe lite snø og hardt i fjellet. Ryktene sies at det ikke ble holdt igjen hos verken herrene eller damene. Per Magne Drotninghaug har gitt oss en liten oppsummering fra konkurransedagen.

 

Sjølv om dei siste tre vekene med sørvest og sommertemperatur har ført til røvletøye på Sunnmøre vart det denne helga køyrd frikøyringskonkurranse på Fjellsætra for første gong.

Det einaste snøfallet på tre veker kom torsdagskvelden, noko som pynta ein tanke på forholda. Etter at yr.no på torsdag lova opphald og kanskje sol påfølgjande dag vart det heilt på tampen bestemt at konkurransen skulle haldast fredagen.

Konkurransesida ligg rett ski høgre i det du går av toppheisa på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra. Den går under namnet Tudalen, er ca 350 høgdemeter, og har eit nivå midt på som deler sida i to brattere parti. Snøfallet torsdag la igjen eit snødekke i øvre del av sida, mens det i nederste delane var heller sparsomt med både ny og gammal snøv.

Fredagsmorgon var 28 deltakarar klare for innsats. Etter ei samling i bunn bar det opp til topps for inspeksjon av sida. Deltakarane køyrde igjennom facen for å gjere seg kjent både med linjer og snøforhold, og i dialog med deltakarane vart det åpna nokre av dei områda som var foreslått avstengt. Dermed var alt klart for årets første konkurranse i Norgescupen.

Først ut var jentene på ski. Sjølv om ei var litt uheldig med lite snø i utgangen av klippane, mens ei anna sverga på tru og ære at ho aldri meir skulle køyre konkurranse på techbindingar, leverte alle seks gode runs. Klara Håvarstein stakk av med seieren, men Anniken Aalerud og Una Hauan var hakk i hæl på henhaldsvis andre- og tredjeplass.

Skigutane var neste ut, ikkje noko å seie på verken vilje eller evne. Vi fekk sjå solide drop i øvre del av facen. Nokre drog den også litt lenger, Ole Andre Almenningen frå Voss sende ein stor baklengs i toppen men måtte dessverre sjå seg slått av ein litt bratt takeoff og ei litt for flat landing.  Det var heller ingen som viste teikn til å halde att for mykje, alle leverte sjølv om det også her var ein og annan som la frå seg ei ski eller ein stav i forsøket.  Vinnaren, Lars Bjørum, landa flippen sin i øvre del og køyrde hardt og kontrollert ned heile sida og plukka hits heile vegen. Andre og tredjeplassen, henhaldsvis Petter Hørthe og Bjørn Ole Skorgevik, leverte også solide runs med fart og kreativitet.

I jenter snowboard stilte to til start, og begge køyrde godt om en tar forholda i betraktning. Seieren gjekk til Maria Bøe med Kjersti Foss på andreplass.

Til slutt var det karane på brett som skulle prøve seg. Her leverte som vanleg Torbjørn Paulsen full kontroll og tok med seg seieren i nok ein konkurranse. Andre og tredjeplassen gjekk til Nikolai Schønefeld og Trond Dyb.

 

Snowboard dame

  1. Maria Bøe,                  59p
  2. Kjersti Foss,                50p

Snowboard herre

  1. Torbjørn Paulsen,       71p
  2. Nikolai Schønefeld,    64p
  3. Tron Dyb,                    50p
  4. Ole-André Skotte,       49p
  5. Ole Petter Vestlie,      47p
  6. Idar Østerhus,             46p
  7. Kristian Møller,            45p

Ski dame

  1. Klara Håvarstein,        55p
  2. Anniken Aalerud,        53p
  3. Una Tveit,                   52p
  4. Ingrid Mork,                 50p
  5. Vilde Solbakken,         21p
  6. Vilde Bergstuen,         NS

Ski Herre

  1. Lars Bjørum,               89p
  2. Petter Hørthe,             87p
  3. Bjørn Ole Skorgevik, 83p
  4. Joar Frækaland,         80p
  5. Nils Andreas Smith,    74p
  6. Eirik Schjølberg,         73p
  7. Sondre Skredbergene, 71p
  8. Sondre Carlsen,          69p
  9. Svein Ivar Molte,         65p
  10. Christer Sola,              25p
  11. Ole Andre Rykke,       NS
  1. Rasmus Blom, NS
  2. Sigve Krogsradmo, NS
No comments yet.

Legg inn en kommentar